Dikt til Nina Karin Monsen

Vin vert vatn

Eg utvatnar ekteskapet
fråtek born rett til far
eller mor
(ingen er vel heilt sikre)
Min eksistens
er eit overtramp mot Nina Karin
personleg
og hennar Gud som berre skapar
utsider
kropp, biologi
to uforanderlege kjønn
no og i all æve
Kjærleik er ein anakronisme
Sjela er ein mutasjon

Ja
eg har kome for å øydeleggje
din sjelefred
Eg talar om ein kjærleikens Gud
om Ordet som vart menneske
om verda som endrar seg
mellom Guds hender
framleis
Sjølv ikkje du
kan gjere ordet ufritt
Heller ikkje du kan hindre
kjærleiken

Diktet er skrevet som reaksjon på den siste tidens debatt om at hurpa får Fritt Ords pris. Ble lest av forfatteren under markeringen 5. mai kl. 18.00 på Christian Fredriks plass. Det kan selvsagt brukes når som helst av hvem som helst så lenge det framgår at det er jeg som har skrevet det.

Les videre