Alle vi gutta har det
Clint Eastwood, Yasser Arafat
Napoleon Bonaparte, Trond Viggo
og du
Ikkje den store svulmande
som dei kallar uterus
men ei bitte lita hemmeleg hole
utriculus
til minne om dei kvinnene
vi kunne ha vore
Hudlause i alle land
stå saman!
Dekk kvarandre med skimrande hudfiller
Gjenoppliv kvarandre med munn
mot munn mot munn
ordkyss
ord
dryss utover dei frosne markene
Ligg ned
Lag englar
som reiser seg og følgjer gjennom stormen
Du påsto at eg hadde mus
og dermed fall verda i grus
Magen stryk seg oppetter himmelen
sola duppar seg i honning
gule fuglar flyg inn og ut av pupillane
pusten
eg miste pusten
og fann han igjen i munnen din
heilage ande
fuktig
Fra diktsamlinga Tigeren talar tydeleg (1993)