Framandkar er ei samling dikt om å vere ein mann med kvinneleg kropp – ein transmann eller FtM (Female to Male). Framandkar kom ut 7.april 2008 på Tiden Norsk Forlag og vart hovudbok i Bokklubben Kursiv. For denne boka fekk Tarald Stein Blix-prisen 2008. |
|
Sitat frå bokmeldingar
«Disse diktene er ikke «Stein skriver svært godt, språket er på en gang enkelt og dyptloddende, uten ornamentikk og annen litterær pynt.» |
|
«Dikta er lågmælt alvorlege, og behandlar stoffet litterært. Og det interessante når ein les desse dikta, som held dei to skilde og paradoksale kjønnserfaringane saman i ein og same kropp, er at ein vert merksam på kor fundamentalt prega verda er av kjønnskategoriseringar […]. Ikkje berre gjev dikta innblikk i erfaringar til eit eg som drøymer om kjønnsskifte, eit kroppsleg og kulturelt kvantesprang som fragmenterer livssamanhengen, men Stein maktar også kunststykket å vise kor eksistensielt smerteleg, fordi ein ikkje kan eksistere utan kjønn, kjønnsspaltinga er. Gjennom pregnante og stilsikre dikt vert den kroppslege transformasjonen også til eit uttrykksproblem, og vert knytt til taleorgana, skapinga og bibelsk-religiøse samanhengar.»Sindre Ekrheim, Bergens Tidende |
Forlaget om boka:
» «Rå og utleverende tekster om å leve i skjæringspunktet mellom mann og kvinne.»
Diktsamlingen Framandkar er skrevet av en av vårens mest spennende debutanter. Diktenes sentrale motiv er kjønn og identitet, og Tarald Stein beskriver hvordan det er å befinne seg i en tilstand mellom mann og kvinne. Den svært personlige skildringen av kropp, identitet og forvandling gjør disse diktene brutalt ærlige og sårbare.
Skulle du felle tårer
over at bror din
feller sine bryst slik
trea
feller sine kongler
Skulle du bry deg
om kva som veks
i di systers boksershorts
Kven er du i dette landet
mellom fitte og kuk
Tarald Stein er en mann født inn i en kvinnekropp og i Framandkar beskriver han denne erfaringen for første gang i norsk litteratur. Han bor og studerer i Tromsø.»