Å viskast ut – fra Vendepunkter (Kalliope, 2021)

I 2021 hadde jeg denne teksten på trykk i antologien Vendepunkter på Kalliope forlag. Jeg ble spurt av redaktøren, Siri Meyer. De fleste andre bidragene fulgte den forventa dramaturgien i et vendepunkt. Min tekst er både en utforsking av om utredninga på Rikshospitalet kan kalles et vendepunkt, men også en drøfting av begrepene livsfortelling og vendepunkt. Er det sunt å se eget liv gjennom de brillene? Det hører også med at teksten ble skrevet under koronapandemien, men jeg har nå konkludert med at jeg fortsatt står inne for den og nå er klar for å gjøre den tilgjengelig her.

Ein gong i framtida
går du inn i teleporteren
slik eg gjekk inn på psykiaterkontoret
Straumbrot
Og du kan aldri setjast saman igjen
slik eg aldri kan verte sett saman
til han eg skulle vore

– Oi, har du født barn, utbryt sjefspsykiateren sjokkert.
– Ja, ei dotter i 2004. Som det står både i henvisninga og antakeleg i psykologen sine notat etter det året eg har gått her på Riksen.
– Ja ja. Du opplevde vel fødselen som ei valdtekt av din eigen kropp, går eg ut frå?
– Eg trur ikkje det fører noko godt med seg å sjå slik på det, seier eg forsiktig, sjølv om eg forstår at det er ei livline ho kastar ut. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at dei fleste spørsmåla dei stiller her, har ein fasit. Eg burde ha opplevd fødselen som ei valdtekt.ii

For meg var heile graviditeten og fødselen heller eit tydeleg teikn på at eg ikkje kunne halde fram med å leve som kvinne. Kroppen min laug om kven som var inni, og det blei stadig meir deprimerande å leve slik. Det å få barn skal liksom vere det ypparste provet på kvinnedom, men for meg blei det eit endeleg prov på manndom. Det er vanskeleg å skildre det slik at folk forstår, men generelt kan det å bli dytta inn i framandt land gjere deg meir klår over kvar du kjem frå, kven du er, ved å vise deg kven du ikkje er. Det er kontrastane som gjer verda tydeleg. Før eg blei gravid, kunne eg leve i ei akademisk boble, der berre innsida talde. Med ein gravid kropp var det umogeleg.

Idet eg fødde deg
vart eg sjølv den ufødde
Din son
din bror
Di mori

Det er tydeleg at eg ikkje passar i malen for transmenn på Rikshospitalet. Eg visste jo det. Eg har blitt åtvara. Eg har lest meg opp. Eg tviheld på overtydinga om at det skal gå bra likevel. Psykologen eg har gått til her i eit år, gav inntrykk av at denne timen er den siste før dei set seg saman, “teamet”, for å bestemme om eg får vere mann. Det er første gongen eg møter sjefspsykiateren, så eg anstrenger meg for å gjere kroppsspråket avslappa og signalisere tillit. Etter eit år hos psykologen har eg god trening, men han var meir opptatt av at eg skulle fullføre studiet.

Eg fortel om barndommen min, som eg trur var ganske idyllisk og vanleg. Sannsynlegvis ville eg fått problem med kjønnsidentitet tidlegare dersom eg hadde vakse opp i til dømes Iran eller her på 50-talet. For meg, som blei fødd av akademikarar mot slutten av 1970-åra, var ikkje kjønnsrollene særleg rigide. Ikkje hadde eg brør å samanlikne med heller, berre to yngre søstrer. Dette understrekar eg tydeleg. Eg prøver å unngå å lyge, det burde ikkje vere naudsynt, men eg trur ikkje det skadar å underspele dokkeleik og venninner og framheve sokalla maskuline interesser. Trass alt veit eg korleis malen for transmenn ser ut. Han er heterofil, barnlaus, leika berre med bilar som barn, blei hysterisk når han blei ikledd kjole, og har alltid visst at han var gut. Eg er ein treiging og har meir opposisjonstrong enn eg har godt av. Eg likar dårleg å bli fortald kva eg bør tenkje, kven eg skal vere. Det gjeld anten eg får ordre om å vere kvinneleg eller mannleg. Kanskje kom eg aldri ut av trassalderen, eller kanskje blei han berre svært forseinka og langvarig?

Dei fleste utviklar kjønnsidentitet før dei fyller tre år. Eg gjorde ikkje det. Eg var sjølvsagt klar over at eg hadde blitt tildelt merkelappen «jente», men det tok lang tid før det skapte problem for meg. Først var det gutane som ikkje ville leike med meg fordi eg tilhøyrde den andre båsen. Dermed gjekk eg glipp av nødvendig maskulin sosialisering, truleg på både vondt og godt. Eg har aldri slost, aldri blitt banka opp. Ungdomsskulen var utestenging og verbal mobbing, svært lite fysisk mobbing. Lenge var eg overtydd om at alle jenter med ein viss intelligens helst ville ha vore gutar om dei fekk velje, det var berre å bite tennene saman og knytte nevane som alle andre feministar. Mykje av dette prøver eg å halde kjeft om på Riksen, for eg veit at det ikkje stemmer med fasiten. Det tok også lang tid før eg sjølv forstod at eg kunne vere transmann og like menn.

Sjefspsykiateren har framleis ikkje forstått at det er mogeleg. Eg må igjen korrigere henne fordi ho kom til timen utan førebuing:
– Eg er homo. Sit i styret for LLH i Tromsø.
– Jaha. Har du prøvd å ha sex med kvinner?
– Nei, eg kjenner ingen kvinner som ynskjer å ha sex med ein mann som har bind for auga og prøver å tru at han har sex med ein mann. Eg trur ikkje det ville vore ei god oppleving for nokon av partane.

Eg prøver å vere morosam. Både temaet og formuleringa er så langt utanfor komfortsona mi at eg ikkje finn andre svar. Det er så sjokkerande, så absurd, at eg slit med å ta henne på alvor. Etter kvart kan eg snakke ganske ope om sex, for all del. Eg tener pengar på å skrive erotiske noveller for Cupido. No kjennest det som om eg må forklare ein framand treåring på ein fullsett buss korleis barn blir til. Men her trur eg det hadde hjelpt med publikum. Psykiateren ler ikkje. Eg veit ikkje om ho manglar humor eller om det er dei ironiske nyansane som forsvinn i framandspråket; ho kjem frå Tyskland.
Ho gir seg ikkje.
– Kanskje du burde vurdere det likevel? Kanskje du finn ut at du eigentleg er lesbisk?

Eit år seinare får eg lese journalen: «Vi drøfter om pasienten har prøvd seg i forskjellige seksuelle orienteringer. Pasienten virker da hemmet og vi drøfter den mulige diagnostiske eksklusjon av homofili.»

Ingen som ikkje var der, kan vite kva som faktisk gjekk føre seg. Då eg klagar til Helsetilsynet, synest dei at alt er slik det skal vere. Eg skriv det på kontoen for bortskjemd middelklassebarn som trur at hjelpeapparatet faktisk er der for å hjelpe ein, at klageinstansane er meint for at dei makteslause skal kome til orde. Eller som sjefspsykiateren avslutta timen med: «Du er så intelligent og ressurssterk, du klarer deg alltids.» Ein som har vakse opp med færre privilegium, ville nok innsett at det var bortkasta krefter, ein håplaus kamp. Tretten år seinare har eg lyst til å brøle over avstanden i tid og rom: «Ja, sjå på meg no!», her eg sit med uføretrygd, kronisk depresjon, angst, nevropati, utandørs rullestol og manglande tru på medmenneske. Om det er dette ein meiner med å klare seg, tør eg ikkje tenkje på dei som ikkje klarer seg.

Jeg har altfor mange brødre
under jorda
uten pust
Altfor mange fedre
sørger over sønner
de ikke kjente

Men her har eg spola vel raskt framover. Eg trur likevel det held med detaljar no. Eg kjenner det på den korte pusten, sveitta, korleis det dirrar i kroppen. «Flykt!» skrik hjernen min. Ingen fleire sitat frå journalen, ingen fleire forsøk på å minnest tretten år gamle replikkar.

La oss heller drøyme oss tilbake til tida like etter at eg kom ut i 2006. Det gjekk overraskande bra å fortelje min kristenkonservative familie at eg var mann. Ei tid var eg utplassert på eit ungdomsskulebibliotek. På den skulen gjekk nevøen til ein av avisjournalistane i Tromsø. Eg ville eigentleg vente med merksemda til eg hadde ei bok å selje, men vanskeleg å overtyde var eg kanskje ikkje, så det blei eit intervju. Vips pryda eg forsida. Det ville kanskje vore annleis i dag, men den gongen var mottakinga for det meste positiv. Kjente og framande syntest at eg var modig, nokre fortalde om transfolk dei hadde kjent. Eg såg på merksemda meir som ei forsikring enn som ein risiko. Om noko fælt skulle hende, hadde eg lagt grunnlaget for å bli høyrd slik at dei skuldige fekk svi. Og når boka mi kom, ein vakker dag ville det omsider skje, ville det kanskje kome godt med òg.

Mannen i meg
underjordisk
rota til eit tre som ikkje
finst
enno
Reiser meg
tek blad
for
blad
frå munnen
og stamma
og stemma
tek langsamt form

I eit par år var eg sosial, optimistisk og full av pågangsmot. Ei ny verd hadde opna seg, den skeive verda som eg hadde drøymt meg inn i sidan eg leste den første ungdomsromanen om homofile. Eg fekk vener og engasjerte meg i Skeiv Ungdom og LLH (no FRI). Engasjementet dreiv meg til protest mot dei tradisjonelle transseksuelle, som det heitte då, i det som no er HBRS. Dei som passa i formene på Rikshospitalet, eller sette alt inn på å gjere det. Dei som var godkjente eller framleis hadde håp om å bli det. Dei som den dag i dag prøver å hindre at monopolet på Rikshospitalet blir oppløyst, som tviheld på at det berre finst to kjønn.

Frå 2006 til 2010 fullførte eg masteren og eit ekstra studieår. Eg fekk gitt ut to diktsamlingar, og spesielt den første fekk mykje merksemd. Eg blei intervjua i Cupido, Se og Hør og Nytt norsk kirkeblad, og i tillegg i tradisjonelle litterære kanalar. Det blei bokmeldingar, diktlesing på Dagsrevyen og Bokprogrammet. Eg sat i styret for fleire foreiningar, flytta til Oslo og fekk jobb i FRI. Eg fekk min første og einaste homofile kjærast (kortvarig). Dette er framleis den tjukkaste delen av CV-en min; det er desse åra som gjer at eg synest livet har hatt ei viss meining. Eg mora meg og bidrog til dei forbetringane vi sidan har sett i lovverket.

Inni deg
finst ei kyrkjeklokke
ljomar i øyrene
skakar, slår deg
langsamt sund
Eg legg huda mi
fingrane, føtene, tunga
i sprekkane dine
legg meg mjukt
kring kolven din
Saman lagar vi
ein annan tone

Det var kanskje det å kome ut som skulle ha vore mitt vendepunkt, men slik gjekk det ikkje. På same måte som eg brukte lang tid på å utvikle og erkjenne kjønnsidentiteten min, tok det lang tid før opplevingane på Riksen sank innover meg. Eg trur ikkje at eg har anlegg for brå skift. Kor lang tid kan eit vendepunkt ta? Er ei to år lang utreiing for lang til å kallast eit punkt? Det var ikkje ei bølgje som skylde meg ut på ope hav, det var den endelause rekkja av bølgjer som aldri gav seg. Den største var sjølvsagt avslaget på Rikshospitalet og det som leidde fram mot det.

I to år hadde eg sett mykje av livet på vent. Eg hadde tålt fornedring og mentale overgrep. Eg hadde innstudert eit kroppsspråk som ikkje ymta noko om stoda på innsida. Eg hadde utsett dotter mi for desse helsevesenets rovfuglar, ettersom dei kravde å få kontrollere at ho ikkje tok skade av å ha ein mann til mor. Deira råd skulle få meg til å flytta frå dotter mi i Tromsø til Oslo. Eg gjorde nokre feilslåtte forsøk på å ha sex med folk med vagina. Eg hadde prøvd å ikkje lyge, men hadde openbert ikkje pynta sanninga godt nok. Kanskje ville det ikkje vore mogeleg. Det finst ting ein ikkje kan eller vil lyge seg frå, som barn, alder eller legning. Alt dette hadde eg gjort for å få hormon og kjønnsstadfestande operasjonar, men alt var fåfengd. Det hadde vore ein kamp for å få lov til å bli synleg, bryte gjennom det laget av løgn som kroppen hadde lagt over meg. Å få lov til å bli sett og finnast – kan det tenkjast noko meir eksistensielt?

Ein dag i mai 2008 tok eg med meg eit vitne og fekk høyre domen. Det er vanskeleg å gjengi henne, for ho gir inga meining for nokon utanfor avdelinga, og det er fare for at eg fordreier i forenklinga. Venninna mi forstod ingenting av det og ville insistere på å få det meir konkret. Eg ville berre langt vekk derifrå. Hovudpoenget var at eg ikkje fekk nokon behandling, basert på at eg ikkje passa i forma deira. Eg hadde ikkje utvikla/erkjent kjønnsidentiteten før eg var vaksen. Dei hadde alt sagt rett ut at eg med mine tretti år var for gamal. At eg var homofil og hadde barn, kunne dei kanskje sett bort frå, kvar for seg. No for tida skal ein visst ikkje vere for ung heller.

Men eg kunne godt henvisast tilbake om eit par år. Som om eg blei yngre, mindre homo eller meir barnlaus på den tida … Dette førehaldet innebar at det var lite å gjere med saka juridisk, skulle det vise seg. Som det barnet av middelklassen eg var, prøvde eg verkeleg alt for å protestere. Etter å ha lovt venninna mi at eg ikkje skulle ta livet av meg, som var det eg hadde aller mest lyst til, gjekk eg i gang med å skaffe meg testosteron. Esben Esther Pirelli Benestad redda nok livet mitt med den resepten. Det gjeld ganske mange etter kvart, noko hen har fått betale for med tallause meldingar til Helsetilsynet frå Riksen. Mange av pasientane har klart seg mykje betre enn meg.

I spegelen ser eg no den mannen eg var meint å vere, han eg skimta lenge, men prøvde å dekkje over med sminke. Eg har vanskar med å kjenne att meg sjølv i gamle bilete. Eg veit at eg var der inne, men fotografiet viser berre ei ganske vanleg jente. Likevel var det ikkje så vanskeleg for meg å bli synleg mann; andre har dårlegare utgangspunkt på dette òg. Så snart eg slutta å maskere meg med femininitet, blei folk usikre på kva kjønn eg var. Brysta kunne pressast saman, det verste var stemma. Difor var hormon viktigare enn kirurgi. Eg lengta etter å få mørkare stemme, slik at eg igjen kunne opne kjeften med sjølvtillit. Skjegg og alle dei andre hårete effektane var ikkje viktige, sjølv om eg trivst med heilskjegget eg har no. Då eg omsider byrja med testosteron, blei eg overraska over effekten. Stemma blei berre litt lågare, men det første som skjedde, var at feittet fordelte seg annleis på kroppen. Før breidde overvekta seg i eit jamt lag over kjake, hender, lår og rumpe. Ganske fort samla det seg no på magen. Det er heilt sikkert ei mindre sunn fordeling, men utruleg mykje betre for sjølvkjensla mi. No ser eg ut som den middelaldrande, småfeite mannen eg er. Berre dei som sjølve har opplevd manglande samsvar mellom kjønnsidentitet og synleg kjønn, kan forstå gleda over dette. Kanskje håpar eg framleis å skape forståing for kva det har kosta.

Eg sende to klager til Helsetilsynet, ei for avslaget og ei for dei mange overtrampa under utreiinga. Dei fann at alt var slik det skulle. Med det forsvann endå ein bit av tilliten til systema, menneska og språket. Før eg møtte på Riksen første gong, hadde eg aldri hatt angst. Deprimert hadde eg sjølvsagt vore, men det var noko grunnleggande annleis. Eg trur ein kan takle det eine, men saman er dei ganske invalidiserande. Når du endeleg har lyst til å gjere noko, tør du ikkje, og det gjer deg endå mindre lysten på å prøve igjen. Jo da, eg var intelligent og ressurssterk, men eg hadde ikkje akkurat blitt herda av motgang i livet heller. Utestenginga i ungdommen kunne blitt ein parentes, eit resultat av uheldige omstende (innflyttar i Jølster). I staden la det grunnlaget for fullstendig tap av tiltru til menneske og samfunn.

Eg snakkar
med andres ord
forsvinn
mellom dei
som ein annan

For ein som hadde klokkartru på språk, kommunikasjon og eigne evner på desse områda, var det eit hardt slag å lese journalen. Der var alle utsegna mine tolka på verst tenkjelege måte. Misforstått, kanskje ikkje eingong med vond vilje. Fram til då hadde eg alltid følt at eg kunne formidle kva eg tenkte og følte. Språket var min beste ven. Det hendte nok at det ikkje blei forstått, men oftast kunne eg tilskrive det manglar hos mottakaren. No ser eg på mellommenneskeleg forståing som ein illusjon. Vi kan ikkje eingong stole på språket – alle ord er farga ulikt av ulike erfaringar hos kvar enkelt. Det er umogeleg å forstå kvarandre; det er berre på overflata at vi snakkar same språk.

Vidare klaga eg til Likestillingsombodet, men dei kunne ikkje gjere noko, sidan kjønnsidentitet enno ikkje var ulovleg diskrimineringsgrunn. Eg klaga endå til Sivilombudsmannen, men då var eg ikkje lenger fylt av kampglød. Heller ikkje dei kunne gjere noko.

Dikt for dikt
skreiv eg meg inn
Ein framandkar
i mannsverda
Linje for linje
stryk psykiateren meg ut

Ein stor del av den andre diktsamlinga, Frikar, var ei skildring av utreiinga på Riksen, alt eg hadde halde inne med så lenge det kunne påverke den endelege domen. Eg la ikkje fingrane imellom i intervju heller. Eg kjente det som mi plikt å bruke stemma mi slik at andre skulle sleppe å oppleve det same som meg. Etter kvart kjente eg fleire transpersonar, og mange hadde unekteleg færre ressursar enn meg. Samtidig viste det seg at raseri er eit tidsavgrensa drivstoff. Eg krasja for alvor i 2010, men energien hadde dabba av ei stund før det blei full stopp. Tanken på at eg kunne gjere det lettare for dei som kom etter meg, var det som heldt meg gåande. Kommentaren frå ein av dei yngre om at vi burde samarbeide med HBRS, som konsekvent motarbeida oss og motsette seg alle invitasjonar til samarbeid, punkterte den ballongen. Eg hadde ikkje meir å gi.

I ettertid er det vanskeleg å vite om det var avslaget eller utreiinga som var verst for den mentale helsa mi. Kanskje hadde eg fint kunna lagt utreiinga bak meg om eg hadde blitt godkjend for behandling? Og utan utreiinga kunne eg kanskje takla avslaget? Eit liv er summen av erfaringar. Tek du vekk ei, blir det eit anna liv. Å bli henvist tilbake verkar framleis som komplett galenskap og mental sjølvskading på høgt nivå. Ettersom eg fekk testosteron, betalte for privat brystfjerning og fekk nytt juridisk kjønn etter lovendringa, har det heller ikkje så mykje føre seg reint praktisk. Og så var det småbølgjene: ei grunnlaus melding til barnevernet, eit forhold som enda stygt, nokre manusrefusjonar, diagnosen polynevropati og eit NAV-system som overbeviste meg og samfunnet om at eg er ganske livsudugeleg. Ting som understreka det eg «lærte» på Riksen: kor lite slike som meg er verd, kva ein kan vente seg av system og folk flest, kven som har makta, kor aleine ein er i verda.

Senga held meg oppe frå golvet
Eg samlar støv
Tida har gått
utan å ta farvel

Eg har levd over eit tiår i ei krise som ikkje ser ut til å ha nokon ende. Store deler av denne tida har eg levd som i karantene og kjent meg meir og meir framand og utanfor samfunnet. Koronapandemien gav meg ei uventa kjensle av å vere med igjen, bli inkludert. Min isolasjon var brått ikkje eit problem, men eit samfunnsnyttig bidrag. Mine erfaringar kunne kanskje endåtil kome andre til nytte. Til dømes dette med å nytte ei anna målform for å kunne uttrykke noko som elles blir for vondt og nært. Eg skriv vanlegvis ikkje nynorsk. Dei fleste av dikta mine har eg omsett frå bokmål før utgiving fordi forlagsverda innbiller seg at nynorsk er eit mykje meir poetisk språk.

Andre har heldigvis overtatt der eg slapp i FRI. Dei har fått gjennomslag for lov om juridisk kjønn, om diskriminering og hatmotivert vald. Eg har fått mannleg personnummer. Mykje har skjedd med internasjonale retningsliner, diagnosar og politisk medvit. Men framleis er det lite endring i utreiing, tilgang til hormon og kirurgi. Riksen og HBRS gjer alt dei kan for å halde fram med diskriminering og psykeleggjering.

Det finst framleis ein mal for korleis ein transmann skal vere. Ei «riktig» forteljing frå A til Å som kan gi kryss i dei rette rutene. Vendepunkt har òg ei slik «riktig» forteljing: Noko fælt skjer, og det fører til ny innsikt og positiv endring. Vi vil så gjerne at det skal ende godt, eller i alle fall at vi blir klokare. Å snakke om det motsette er verre. Noko fælt skjer, det stadfestar noko du allereie visste (eller noko nytt), og alt blir verre. Det er ikkje berre deprimerande for den som opplever det; den som høyrer på, kan òg bli nedstemt. Ein vil helst ikkje smitte andre med sitt eige tungsinn.

Dette gir meg enda ein årsak til å protestere mot den kronologiske livsforteljinga, i tillegg til motviljen etter at Riksen insisterte på den «rette» forteljinga. Eg har lest noko om at det å ha ei livsforteljing skal vere sunt, dette å ordne kaos til samanheng og meining. Eg vil hevde at kaoset er sanninga; dei konstruerte samanhengane er glasuren, livsløgna. Ei samanhengande forteljing om korleis ein har blitt slik ein er, der alle årsaker er identifisert og ligg ope, blir forma av korleis ein ynskjer å framstå, og kan aldri bli heilt sann. Det kan finnast eit hav mellom den ein er og den ein vil framstå som. Det biletet vi vil presentere av oss sjølve, kan òg endre seg etter kven vi viser det til og kva vi vil oppnå. Er verkeleg livsløgna sunnare enn sanninga? Rett nok er eg ingen psykolog eller psykiater, men eg vil driste meg til å hevde at det må vere situasjonsbunde.

For meg kjennest poesien meir sann enn forteljinga. Ei diktsamling representerer betre det kaoset som er livet, men òg eit høve til å finne meining og glede i dei mindre utsnitta. Om ein derimot tvingast til å sjå livet som ei line, vil denne for dei fleste peike nedover mot slutten. For nokon av oss tipper lina nedover lenge før det er slutt. Då kan det rimelegvis ikkje vere sunt å sjå slik på livet; ein bør heller leggje vekta på dei lyspunkta som er att.

Eg finst
der kroppen min
ikkje er, balanserer
på den lina
dei kallar røynda
lever vidare
på grensa til
fornuft

Kildelinkene forsvant stort sett i formatering til blogg, men her er oversikten:

iStein, Tarald (2010): Frikar; dikt. Tiden Norsk Forlag. 16

iiDialogane er slik eg hugsar dei frå første time hos sjefspsykiateren hausten 2007, ikkje direkte sitat.

iiiStein, Tarald: Frikar; dikt. 37

ivUpublisert

vStein, Tarald (2008): Framandkar; dikt. Tiden Norsk Forlag. 76

viStein, Tarald: Frikar; dikt. 63

viiStein, Tarald: Framandkar; dikt. 23

viiiStein, Tarald: Frikar; dikt. 10

ixStein, Tarald: Frikar; dikt. 24

xStein, Tarald: Frikar; dikt. 28

Vårrengjøring

I omtrent ti år har jeg tenkt på å fjerne døde linker og oppdatere informasjon. Omsider fikk jeg gjort det, og gitt bloggen nytt utseende i samme slengen. Litt generell opprydning ble det også. Borte er informasjon om kattene og linkene til venner og bekjente i sidemenyen (sorry).

Mens jeg rydda, sjekka jeg blant anna hvor man finner bøkene mine nå. Det er 13 år sia Framandkar kom ut, men den finnes faktisk fortsatt i en nettbutikk! Frikar finnes i et par andre. Hvis du vil ha et signert eksemplar, kan du sende meg en epost (jeg har restopplag). Sprik er fortsatt tilgjengelig på ebok.no (oppdatert lenke på boksida).

Så hvorfor denne plutselige handlekrafta? Jo, jeg har et par prosjekter på gang. Først ble jeg spurt om å skrive et essay i en antologi som kommer til høsten. Dette ga meg inspirasjon til å begynne å skrive på en kriminalroman. Igjen. Jeg har prøvd før uten å fullføre, men tenker at det gjelder å prøve helt til man får det til. Koronapandemien gjør at jeg føler meg mer som en del av samfunnet enn på lenge, så det har også hjulpet. Takka være essayantologien, fikk jeg også ordna nytt forfatterportrett.

Foto: Aina Hansson 2021

Gi meg gjerne beskjed hvis du finner døde lenker eller utdatert informasjon på informasjonssidene!

Epidemier i slekta

Jeg ble nysgjerrig på historiske epidemier nå når vi sitter midt oppi en pandemi. Her er ei tidslinje over epidemier i Norge. Jeg har tatt med aner som døde av disse sykdommene også utenom de store utbruddene. Det er sannsynligvis mange flere epidemier i slekta som ikke er dokumentert fordi dødsårsak ofte ikke oppgis. Sykdomsforståelsen var også en annen i tidligere tider. Dessverre er det ikke mulig å søke gjennom digitalarkivet etter dødsårsak, ofte må man til de skanna kirkebøkene for å finne den.

Kolera

Sivert Ingvarsen Seland døde av kolera i 1831 (begravelsen), 58 år gammel. Han var min 4x tippoldefar og bodde på Hidra ved Flekkefjord i Agder. Det ser ikke ut til å ha vært noe stort utbrudd av kolera der da, og dette var året før det første større kolerautbruddet i Norge. Han hadde vært soldat, men var nå bonde. Jeg vet ikke om han hadde vært på reise hvor han kunne blitt smittet og ble isolert, eller om diagnosen rett og slett er feil (kan kanskje ha vært en annen magesjau). Han etterlot seg kone (hans andre) og mange barn, den yngste var bare 5 år. Vest-Agder-museet har en fin liten video om sykdommen og 1853-utbruddet i Kristiansand.

Mons Olsen Førdestrømmen døde 48 år gammel i 1849 under kolerautbruddet på Askøy. Han var bror av min 3x tippoldemor. Kirkeboka for Askøy viser side opp og side ned av koleraens ofre. Utbruddet begynte i Bergen.

Tuberkulose

6000-7000 mennesker døde årlig av tuberkulose rundt 1900, hvert femte dødsfall skyldtes denne sykdommen. I løpet av 60 år døde en kvart million nordmenn. Fortsatt krever den mange liv i resten av verden, og fordi den forårsakes av en bakterie er antibiotikaresistens et voksende problem.

Min oldefar på Fitjar mista begge foreldra, ei søster og farmor i tuberkulose. Lars Tørresen Vik var min tippoldefar og døde 60 år gammel i 1910. Hans kone, min tippoldemor, Kristi Halvorsdatter Dyvik døde 50 år gammel i 1903. Larine Nilsdatter Vik, min tipptippoldemor, døde 77 år gammel på Fitjar i 1896. Laurentse Larsdatter Vik døde 24 år gammel i 1905.

Hilda Wilhelmine Hansen, oldefars søster, døde 19 år gammel i 1903 av tuberkulose på Voss.

Lepra

Guri Johannesdatter Hodne fra Lindås døde 78 år gammel på Pleiestiftelsen for spedalske i Bergen i 1878. Hun var min 3x tippoldemor. Hun hadde også ei søster og en søstersønn med samme sykdom. Bergen hadde Europas høyeste forekomst av lepra, men likevel har jeg ikke funnet flere slektninger med det. Jeg skrev et eget innlegg om henne; Min spedalske tipptipptippoldemor. Det var veldig spennende å kunne oppdage noe som bygdebokforfatterne ikke hadde funnet!

Navnløs epidemi

Ekteparet Rasmus Rasmussen Jørongo og Brita Andersdatter, mine 7x tippoldeforeldre, døde i 1741 i en epidemi som ramma Hafslo. Det er usikkert om det var tyfus, dysenteri eller noe annet som gikk på den tida. Deler av epidemien kan også ha vært en barnesykdom, men akkurat dette ekteparet var i alle fall oppi åra.

Det ser altså ikke ut til å være veldig mange. Kopper, pest med flere mangler. Svært mange kirkebøker mangler dødsårsak av sykdom. Dramatiske drukninger ble derimot oftere notert, hvis slekta mi er noenlunde representativ. Barnesykdommer som meslinger og røde hunder ble i beste fall bare ført som barnesykdommer, selv om de også spredte seg i epidemier og tok mange liv.

10 år uten pupper!

Det har altså gått et tiår siden jeg kvitta meg med puppene. Jeg har aldri angra, selv om dette er den mest drastiske delen av min kjønnsbekreftelse. Det løste ikke alle problemer, livskvaliteten skjøt ikke i været, men det hjalp på veldig mye. Nå føler jeg i alle fall at dette er min kropp.

Jeg betalte for underet selv. Der forsvant arven fra min (konservative) farmor, mens mine søstre brukte den som egenkapital for boligkjøp. Puppefjerninga (mastektomi) burde vært dekka av staten, men siden jeg fikk avslag på Riksen, måtte jeg ordne det hos en privat kirurg. Det var (og er vel fortsatt?) ei juridisk gråsone, siden Riksen har behandlingsmonopol. Derfor opplyser jeg ikke om kirurgens navn eller institusjon.

Jeg ble veldig fornøyd. Arrene er ikke særlig diskrete, fordi det var mye å fjerne. Du kommer neppe til å se min overkropp i en bildekavalkade av de beste resultatene. Til mitt bruk fungerer det fint. Jeg har ingen modellambisjoner, men synes det er fint å kunne ta av seg T-skjorta i sola uten å skape oppstandelse. Det er også befriende å ikke måtte gå med en såkalt binder som presser puppene flate. Det ble veldig varmt og ubehagelig i lengden.

Jeg hadde ikke spesielt sterk dysfori knyttet til puppene. De var bare i veien for å bli sett som den mannen jeg er, og de hadde oppfylt sin rolle som mat for en baby. Jeg så ingen grunn til å beholde dem, rett og slett.

Operasjonen var uproblematisk og jeg hadde ikke en gang smerter etterpå (det har de fleste). Jeg mista følelsen i store deler av brystkassa etterpå, men det var ikke noe stort tap for meg. Etter 10 år er mesteparten av følelsen tilbake. Fortsatt kan man se skyggen av hvor puppene hang når jeg har fått farge av sola. Det er litt sjenerende, ser ganske latterlig ut, men kunne sikkert vært fiksa med mer systematisk soling.

Jeg opplevde det som en befrielse å bli kvitt dem, og er glad for å kunne feire 10 puppefrie år!

Et samfunn uten reklame – er det mulig?

Det virker utopisk når man er omslutta av den norske kapitalistiske virkeligheten. Vi bombarderes av reklame på alle kanter. Den forsøker å manipulere oss til å kjøpe ting vi ikke trenger og dermed bidra til å opprettholde kapitalismens urettferdighet; barnearbeid, forurensning, klimakrise o.s.v.

Så kanskje burde alle få muligheten til å besøke Cuba. Fraværet av reklame kom som en uventa bonus for meg da jeg var der i 2017. Jeg forsøkte å forklare reklamens allestedsnærværende press til kubanerne, men det var vanskelig. Det var en nytelse å kunne gå i byer som ikke ble skjemmet av store reklameplakater.

Men vi trenger ikke å vente på revolusjonen med å forby reklame. Selv her hjemme har vi satt begrensninger i reklamens makt. Det er forbudt å reklamere for legemidler, alkohol og tobakk og ingen reklamer skal rettes mot barn (selv om dette siste brytes jevnlig). Så la oss begynne med å utvide disse forbudene. Jeg foreslår forbud mot all helseskadelig reklame; usunn mat, snop, slanking, plastiske operasjoner, sminke o.s.v.

Neste steg kan omfatte alle produkter som skader miljøet; engangsplast, flyreiser, cruise, biler, langreiste varer og skumle kjemikalier. Det hadde vært interessant å se hvor stor påvirkning et slikt tiltak ville få på miljøet, selv uten forbud mot selve produktene. Det ville fortsatt være lov å selge produktene og opplyse om pris inne i butikken. Man kunne fortsatt bestilt ferien på nett, men man måtte inn på reiseselskapets nettside for å få informasjon om reiserute og pris.

Jeg tror mindre reklame også ville hatt en positiv virkning på kulturen vår. Mengden reklame i det offentlige rom gjør oss mindre observante. Det er plagsomt å være åpen for inntrykk når vi bombarderes av kjøpepress, så vi lukker oss inne mentalt. I stedet for å åpne oss for menneskene rundt oss og inspirasjon som kunne dukke opp, stenger vi sansene. Jeg tror det gjør samfunnet kaldere.

Reklamebransjen er definisjonen på meningsløse jobber. De som jobber der burde bli lykkelige over å bli frigjort fra meningsløsheten. De kan sikkert omskoleres til å kontrollere forbudet, eller gjøre noe skikkelig meningsfullt innen helse.

Et selvmord i 1919

HSH

Henrik Severin Hanssen (1880-1919), gift med Cecilie Amalie og far til min farmor.

I dag er det nøyaktig 100 år siden min oldefar, Henrik Severin Hanssen, tok livet av seg. Han ble født i Bergen i 1880, som nummer tre av 11 søsken. De eldste i søskenflokken var født i Nordland, der mora kom fra, de yngste ble født på Voss. Faren kom fra Gravdal i Bergen og jobba store deler av livet i jernbanen.

23 år gammel gifter Henrik Severin seg med Cecilie Amalie, som allerede er gravid med deres første barn. Året er 1904 og Norge er fortsatt i union med Sverige. Om 100 år skal ett av deres tippoldebarn bli født i Tromsø.

Henrik Severin var løsarbeider, altså uten fast arbeid, avhengig av korte engasjement, gjerne på Hansa bryggeri. På den tida hadde bryggeriarbeiderne fri tilgang på øl i arbeidstida. Alkoholisme var et stort problem i det nylig uavhengige Norge, og avholdsbevegelsen var på frammarsj. I 1916 ble det innført brennevinsforbud i Norge. I oktober 1919 gjennomførte man en folkeavstemning som opprettholdt forbudet. Det hadde vært interessant å vite hva Henrik Severin stemte, om han stemte.

I Bergen fikk over 3000 familier og enkeltpersoner hjelp fra fattigvesenet i 1919, viser statistikken. Henrik Severin og kona Cecilie Amalie var blant de første som fikk flytte inn i kommunens ambisiøse boligkompleks på Rothaugen, sammen med deres 10 barn. Snart var det ellevte barnet, min farmor på vei.

1919 var året Versaillestraktaten ble underskrevet, Mussolini grunnla det italienske fascistpartiet og Rosa Luxemburg ble myrda. Hjemme i Norge ble åttetimersdagen vedtatt og amtene omdøpt til fylker.

Norges befolkning er 2 589 463.
59 486 barn blir født.
6,2 prosent av nyfødte dør før de fyller ett år.
Et nyfødt guttebarn kan forvente å bli 56 år, en nyfødt jente 59 år.
De mest populære navnene på nyfødte er Ruth, Solveig, Anna og Gerd for jenter og Arne, Olav, Hans og Ole for gutter.
Det er 15 379 par som gifter seg, og 593 par som skiller seg.
Gjennomsnittshøyden for rekrutter er 171,3 cm.
Det er 1550 studenter ved Kristiania universitet.
En boks fiskeboller koster 2,31 kroner.

4. november innbringes Henrik Severin til fyllearresten. Jeg vet ikke om det er første gang, eller bare den siste i rekken. Hvis det er den første, skammer han seg kanskje. Kanskje tenker han på de 11 munnene som skal mettes, snart 12. Kanskje føler han at han har feilet som far og forsørger. Sannsynligvis ser han ikke noe håp. Eller alkoholen gjør ham fullstendig utilregnelig og sinnsforvirra.

Rundt klokka 22 blir han funnet hengt på cella og bragt til legevakten. Død av kvelning, 39 år gammel. Det er under fire måneder til hans yngste datter, min farmor, skal bli født. Det skjer dagen før det som skulle blitt foreldrenes 16. bryllupsdag. Hun får sannsynligvis aldri vite hvordan hennes far døde. Bildet av enka og de 11 farløse taler for seg selv:

Hansen-Hdåp

Harriet Hanssens dåp.

Jeg tenker på hvordan fattigdommen da og nå skiller seg fra hverandre. Norge ble rikt over natta da vi fant olje, men grunnlaget for å beholde rikdommen ble lagt med de sosiale reformene mye tidligere. Ingen av Henrik Severins 11 barn sulta ihjel og alle ble voksne. Både Cecilie Amalies slekt og den gryende norske velferdsstaten spilte en rolle der. Rettigheter er aldri noe som daler ned i skjul, de må kjempes fram.

Arven fra Henrik Severin ligger kanskje i genene mine, men enda mer i familiens totalavhold. Selv om jeg ikke er avholds, så respekterer jeg at andre ikke tar sjansen på å utfordre eventuelle gener for alkoholisme. Mange familier har blitt religiøse og avholdsfolk nettopp fordi de har sett alkoholens skadevirkninger på altfor nært hold. Og i dag vet vi at det finnes gener som gjør det lettere å bli avhengig av alkohol. Jeg har neppe arva dem i så fall, det ville jeg oppdaga, men gener for depresjon og generelt svartsyn kan nok også finnes.

Når man driver slektsforskning virker det av og til helt utrolig at ikke samtlige tok livet av seg før de fylte 30. Det virker som om de holdt ut all verdens lidelse bare for å føre slekta videre. Det fortonte seg sikkert ikke sånn for dem, for mye av det som gjør livet verdt å leve finnes ikke i kirkebøker og folketellinger. Likevel er det litt greit å se at  folk ga opp i gamle dager også, at psykiske lidelser ikke er noe nytt (annet enn i navnet).

Matsvinn – statskapitalismens pris

Med NRKs avsløring av matbransjens systematiske kasting av mat, er det på tide å følge opp mitt innlegg om brød til folket. Der tok jeg til orde for at staten bør drive sine egne matbutikker for å spare utgifter til PR om sunn mat, forsyne fattige med sunn mat og drive arbeidsmarkedstiltak. Jeg synes det fortsatt er en god ide.

En statlig butikkjede kan også bidra til å redusere bransjens matsvinn ved å ta inn overskuddsmat fra produsentene. Produsentene kan få en fornuftig pris for varen, mens staten selv bestemmer utsalgspris (som kan være lavere).

Likevel er det ikke til å komme forbi at forbrukerne må bli mindre bortskjemte. I gjennomsnitt bruker nordmenn lite av inntekten på mat, og matvareprisene står ikke i forhold til produksjonskostnadene. Det mest fornuftige er å senke lønnsnivået i Norge, og dermed også det generelle kostnadsnivået på sikt. Hvordan det skal skje uten en revolusjon, klarer jeg ikke å se for meg. Alternativet er å skru opp prisen på mat til den dekker utgiftene ved å produsere den.

Noe av problemet ligger også i importen. Selvsagt er det billigere å produsere salat i Spania. Ingen andre enn Senterpartiet og Rødt tør å kjempe for størst mulig grad av selvforsyning. Statskapitalismen er fullstendig blind for katastrofepotensialet i å gjøre oss avhengige av utenlandske matleveranser.

Nylig ble det kjent at regjeringa ikke vil opprette et nasjonalt beredskapslager av korn. De tror at vi uansett klimakrise vil kunne betale oss ut av problemene. Og vi kan jo alltids spise fisk, poteter og sau. Sant nok. Men er det bærekraftig og solidarisk? Med klimaendringene reduseres jordbruksarealet i verden. Det kommer sannsynligvis til å bli vanskelig (ikke umulig) å produsere nok mat til alle. Skal vår løsning da være å by høyest, slik at vi får mat og ikke «de andre»?

Gjennom EØS-avtalen og andre kapitalistiske forpliktelser har norske politikere redusert sitt eget handlingsrom. Er det mulig å bli selvforsynt og stoppe matsvinn uten å si opp avtalene? Jeg vet ikke.

Angst med en kjerne av sannhet

Min største frykt er mennesker. Folkemengder er verst, men selv en tur på butikken kan gi meg åndenød og svettetokter. Det er fryktelig upraktisk. Blant annet hindrer denne angsten meg i å delta på demonstrasjoner som jeg gjerne skulle vært på. Jeg kan grue meg til å gå på butikken en hel dag og utsette det like lenge.

Ingen behandlere har for alvor forsøkt å behandle angsten min. De har notert «sosial angst» og så gått videre til å snakke om depresjonen min eller neste spørsmål på lista. Jeg har derfor fått inntrykk av at helt vanlig sosial angst hos voksne uføretrygda ikke er noe å bruke ressurser på.

Men jeg tror ikke det ville vært så lett å behandle min angst. Den får nemlig næring fra det som kalles minoritetsstress. Jeg er veldig klar over at transpersoner utsettes for diskriminering og vold. Riktignok oftere i andre land, og som oftest går det utover transkvinner og personer som ikke «passerer» som cis. Jeg er en hvit transmann over 40 i Norge og du kan ikke se på meg at jeg er trans. Altså er jeg ikke i den verste risikosonen, og jeg har aldri opplevd fysisk vold. Så en del av angsten er irrasjonell. Jeg er ikke oppriktig bekymra for å bli slått ned på Kiwi, det er mer en generell følelse av å være utsatt, sårbar.

Jeg tror det er sånn at manglende samsvar mellom hvem jeg er (mann) og hvem jeg lenge ble oppfatta som (kvinne) kan få to utfall; enten mister man tilliten til seg selv, eller til menneskene. Som oftest en meget uheldig blanding av de to. Jeg opplever at selvtilliten min har gått på bekostning av tilliten til andre. Hvis vi hadde hatt et fungerende helsetilbud for transfolk, ville dette blitt fanga opp og motvirka tidlig i behandlinga.

I stedet skjedde det motsatte: På Rikshospitalet lærte jeg at transfolk får eksistere på cis-folks nåde. At min egen identitet ikke ble vektlagt når andre fikk bestemme hvilken bås jeg ble putta i. Jeg øvde meg i å brette ut sjela for folk som var ansatt for å rive den i stykker, eller i alle fall måtte jeg framstå som troverdig. Tillit var en enveisgate. Å be om hjelp var et samtykke til å bli tråkka på. Jeg trente kroppen til å virke avslappa når alle alarmer ulte. Det var ikke godt nok. Etter to år ble jeg spytta ut med beskjed om at jeg ikke var meg, at jeg ikke kvalifiserte til å få være mann. De to åra gjorde ubotelig skade, men heller ikke posttraumatisk stress kvalifiserer jeg for. Å reagere med mistillit må likevel kunne kalles en normal reaksjon på en unormal situasjon, et begrep som går igjen i litteratur om traumebehandling.

Hvordan kan psykiatrien behandle en person med en slik «utdanning» i hva psykiatrisk «hjelp» innebærer? Man kan ikke stole på kroppspråket mitt. Ordene er mer egna for tilsløring enn avsløring. Mange psykologiske termer får alarmene mine til å gå. Jeg leter alltid etter bakenforliggende fordommer, for jeg vil ikke tillate at historien gjentar seg. Jeg tåler ikke ett «Rikshospital» til. Likevel har jeg gang på gang gjentatt mønsteret ved å be om utredning for bipolar lidelse, aspergers syndrom og PTSD, alle med samme utfall.

Jeg har også andre erfaringer som bidrar til mistillit til mennesker, men Rikshospitalet står i en særstilling. Den fordomsfulle anonyme meldinga til barnevernet, gruppeterapeuten som mente at gruppedeltakere ville ha fordommer og at jeg derfor ikke egna meg for den terapiformen, bekjente som insisterte på å kalle meg «hun», gynekologen som skjelte meg ut for å ikke ville være kvinne og så videre. Angsten handler altså delvis om erfaring, men også begrunna frykt. I forhold til mange andre transfolk har jeg faktisk vært heldig. Det er åpenbart mange slemme mennesker der ute som bare venter på å treffe en transperson de kan være slemme med, og du kan sjelden se det på dem. Er det rart jeg holder meg hjemme?!

Selvsagt finnes det flest snille mennesker. Dessverre er hjernen vår innretta til å fokusere på fare og hvordan vi unngår den. Uten det hadde neppe arten overlevd, men det byr på utfordringer i en moderne tid der fare sjelden kommer fra løver og giftige slanger. Før jeg transisjonerte hadde jeg vepsefobi. Det er fullstendig irrasjonelt (med mindre man er allergisk kanskje). Frykt for mennesker har tonnevis av fakta å støtte seg på og mye supplerende erfaring.

Psykologien har dessverre ofte problemer med folks realiteter, enten det er den deprimertes fattigdom eller den selvskadendes overgrepserfaring. Mange behandlere ser ut til å være helt fokusert på at problemet finnes i pasientens hjerne og bare der. Men pasienter eksisterer ikke i et vakuum. Vi utsettes for inntrykk og erfaringer som gjør at hjernen skaper eller opprettholder usunne mestringsstrategier. Du kan ikke behandle folk uten å ta deres livssituasjon med i betraktningen. Jeg tror at de fleste mentale lidelser har en kjerne av realiteter. Samtidig kan ikke psykologen fikse samfunnet; gi suicidale flyktningebarn permanent opphold, dele ut penger til fattige eller påby slektninger å besøke en ensom gamling. Å være psykolog må ofte føles som å skulle plastre en person som ligger under en velta gravemaskin. Jeg er sjeleglad jeg ikke er i den bransjen!

10 år siden jeg hadde kjæreste

SDC10871

Jeg har grudd meg og tenkt på å skrive dette innlegget i hele år. Forholdet varte noen få måneder og fikk en forferdelig slutt. Jeg skrev ikke mye om det da det stod på, for han likte ikke å bli omtalt her. Sett i ettertid har jeg en mistanke om hvorfor.

Det var jeg som sjekka ham opp. Jeg hadde nettopp flytta til Oslo og miljøforandringa ga meg ny energi og optimisme. Før jeg kom ut, var jeg redd for at jeg aldri skulle ha sex igjen. Hvem ville vel ha sex med en transmann? Heldigvis viste den frykten seg fort å være ganske grunnløs. Det finnes selvsagt mange som ikke vil ha sex med transmenn, men stadig flere oppdager at det går helt fint. Men en kjæreste? Haha.

Jeg klarte altså å sjekke ham opp og ta ham med meg hjem. Vi møttes flere ganger og ble etter hvert sammen. Jeg presenterte ham til og med for dattera mi. Å se dem leke og ha det moro sammen gjorde meg lykkelig på en ny måte som jeg ikke kan beskrive. Det er opplest og vedtatt at nye kjærester ikke bør introduseres for unger før det har gått et halvt år. Likevel angrer jeg ikke. Dattera mi tok bruddet fint og har helt glemt denne fyren, og jeg har i alle fall ett godt minne.

Jeg syntes han var åpen, vakker og sjarmerende. Så feil kunne jeg ta. Han sa han likte folk som sa ting rett ut. Han oppfordra meg til å vise mer følelser. Jeg trodde han mente det når han sa han var glad i meg, at han brydde seg om meg.

På vei hjem fra ei helg på Island, sa han at det var slutt. Han ville aldri ha dette forholdet og elska meg aldri. Han hadde følt seg pressa inn i det av meg og sa jeg var klengete og krevende. Jeg tok det ikke pent. Jeg trygla og ba, jeg la meg langflat og ville gjort hva som helst for å beholde ham. Men han ville heller være singel enn sammen med meg.

Han var min andre skikkelige kjæreste, mitt første homoforhold, og det var første gang jeg ble dumpa. Jeg hadde lagt sjela mi i forholdet, senka alle forsvarsverk og stolt på alt han sa. Jeg følte meg verdiløs, motbydelig og forkasta. Det neste året ble mitt absolutte bunnpunkt. Etter hvert følte jeg meg mer svikta, sint og full av sorg. Nye forsvarsverk ble reist, sterkere denne gang.

Nå kan jeg se at vi neppe var helt kompatible i utgangspunktet og at forholdet ville tatt slutt uansett. Allerede da syntes jeg det var vanskelig å forholde meg til hans hjelpeløse kreative forsøk uten å såre ham. Kanskje tenkte han å bruke meg til å komme innafor et forlag? Jeg husker hans umusikalske latter. Han ville nok være mer åpen enn han var, en transmann ble for vanskelig for homoidentiteten hans.

Det har gått ti år. Jeg har ikke forsøkt å få meg ny kjæreste. Det har mangla både muligheter og tiltak. På de ti åra har jeg samla meg flere egenskaper som ville gjort det vanskelig; en kronisk sykdom med funksjonshemming, høyere alder, et mer perifert bosted og flere sære vaner og hobbyer. Heldigvis får jeg så mye antidepressiva at jeg ikke savner noen kjæreste eller intimitet. Jeg har ikke en psykisk helse med rom for flere slike slag. Så ikke si at jeg sikkert kommer til å få meg kjæreste, at jeg ikke skal gi opp. For meg har det sunneste vært å la den båten gå.

Jeg trives bra som singel. Det gir meg mulighet til å utfolde alle mine særheter. Jeg slipper i stor grad å ta hensyn til andre når jeg er hjemme og setter stor pris på det. Å finne seg kjæreste krever enormt med tid, krefter og mot for en som meg. Jeg har bare tid, og den vil jeg bruke på andre ting. Dette innlegget er den siste del av helingsprosessen.

Sneglemediatsjon

Slow Dance

Nydelig video som får fram det vakre og meditative ved snegler. Ingenting får meg til å slappe av og glemme tid og sted bedre enn å betrakte sneglene mine.
For øyeblikket har jeg to Vinbergsnegler (Helix pomatia), samme art som på filmen, og en mindre hagesnegl. Tidligere har jeg hatt Afrikanskje Kjempesnegler (Achatina achatina og Achatina fulica) og vurderer å skaffe meg sånne igjen.

Innhenta av fortida

Jeg hadde en helt hypotetisk diskusjon med meg selv om hva jeg ville gjøre hvis Firda ringte i forbindelse med bokutgivelsen. Det gjorde de til slutt og jeg har sagt ja. Det blir et telefonintervju, sannsynligvis i løpet av uka. Mens jeg venter hører jeg på Bronski Beats Smalltown Boy.