I anledning valentinsdagen vil jeg dele noen dikt fra den siste diktsamlinga mi, Frikar. Som en del vil vite består hele den tredje delen av kjærlighetsdikt, så dette blir bare et utvalg. Bruk dem gjerne, men husk å nevne at de er skrevet av meg.
Vi veks ut
av telefonane
spirer i tekstmeldingar
Gror tettare for kvar nattEin dag kan vi kome
til å setje ord på det
————————————————————————————–
Eg festar orda
til papiret
for å hindre at dei slepp ut
mellom leppene
Her skal dei liggje
og mognast
til du kan slurpe dei i deg
—————————————————————————————-
Du har vore her
Lukta di heng att i puta
Kjensla av huda di finst
i fingrane mine
varmen frå innsida di
På netthinna sit synet av deg att
skin ut i verda
——————————————————————————–
Kvar gong vi møtest
omset du meg
til eit vakrare språk
Eg vil skrive med dine ord
dikt som pustar
med dine lunger
Bokstavar du kan kjærteikne
med tunga, sjå dei vekse
til versalar
Tilbaketråkk: Gjennom en ørken av klisjéer – om å skrive kjærlighetsdikt « Tarald Steins