Eg er i innspurten med ny diktsamling og treng hjelp til å bestemme meg for ein tittel. Difor spør eg deg: Kva skal den nye diktsamlinga mi heite? Eg kan ikkje love å følgje fleirtalet, men håpar på nye forslag og argument for og imot dei alternativa eg allereie har. Du kan stemme på to tittelforslag.
Tematisk er dikta ei vidareføring av Framandkar, men del to fokuserer på foreldre-erfaringar og del tre på kjærleiken.
I fare for at eg har blitt subliminalt suggerert av Det er sjølvsagtolkedansgruppa Frikar, men likte det best likevel.
Det er noko fritt over å velge å leve utanpå slik man er inne i seg, noko fritt i å skrive fysisk lyrikk, og noko fritt ved heile deg som gjer at ein fri kar passar fint no. Framandkar er du ikkje meir.
Takk!
Om du byttar ut «Det er sjølvsagt» med ein f gir det meining.