Det er ikkje til å kome bort frå. Eg har i lengre tid freista å tru vel om i alle fall den litterære delen av menneskeheita. Eg har ikkje villa tru at eit fleirtal av danna menneske meiner at nynorsk er meir poetisk enn bokmål, trass i at eg ofte har høyrt denne falske påstanden.

No ser eg meg nøydd til å slå retrett. Etter at diktsamlinga mi vart blankt refusert fra så godt som samtlege norske forlag i bokmåls-skrud, oversette eg henne til nynorsk og sende henne inn på ny, utan det heilt store håpet. Så langt har eg ikkje fått ein einaste blank refusjon, men tre ganske grundige konsulentfråsegner. Rett nok vurderer ingen samlinga som verd å utgje slik den er, men to oppfordrar til å sende nye utkast, den eine sterkare enn den andre.

Eg gler meg over å få konsulentfråsegner! Det er utruleg interessant å sjå kor ulikt røynde lesarar kan vurdere eit enkelt dikt, for ikkje å snakke om ei helt diktsamling. Det er også svært nyttig å få ulike syn på kva som kan gjerast betre, og i kva samanhang lesarane set henne.

Likevel tykkjer eg det er trist at nynorsk vert sedd som ei meir poetisk målform. Alle fråsegnene og breva frå redaktørane er skrivne på bokmål. Ein byrjar å lure på om Mållaget har klart å få bokmålsfolket til å kjenne seg underlegne reint språkleg og litterært, utan å få dei til å verte nynorskbrukarar sjølve. Det ville vere utruleg trist. Eg føretrekkjer bokmål. Det stemmer best med min identitet og historie. I sum er eg ein samnorskmann med heller dårlege føresetnader (konservativt bokmål frå Bergen + konservativt nynorsk frå Jølster). Eg tykkjer bokmål har betre/fleire ord for nett det eg vil skildre og at det stemmer betre med kvardagen min.

På sett og vis er eg altså priviligert som kan skrive begge delar. Ikkje alle norske poetar utan forlagskontrakt kan omsetje dikta sine til nynorsk i løpet av ei veke. Eg må dessutan få takke Olaug Nilssen som las gjennom samlinga på under eit døgn og korrigerte ein del skrivefeil og inkonsistent språkbruk. Takk! Ein skal vel heller ikkje sjå bort frå at namnet hennar kan ha medverka til at eg fekk konsulentfråsegner (eg nemnde det i ei bisetning). Om eit kjend namn skulle vere orsaka, er det korkje betre eller verre enn om det var målforma.

Så alle uutgjevne poetar der ute: Skriv nynorsk og driv aktiv namedropping, så kjem de i alle fall litt lengre. Diverre.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s