Morfar og Besten – ein hyllest

Morfar var litt fjern for oss ungar. Han trengde ro og mykje tid for seg sjølv. Det gjorde ikkje så mykje, for han tok det igjen. Som den gongen han vart med for å bade. Eg hugsar enno korleis han låg der og flaut i dressen sin og las avisa. Det var eit skikkeleg kult syn!

Då han var ung var han emissær for indremisjonen og reiste langs kysten av Noreg. Han dreiv og slekts-garden ei stund og var den einaste i mils omkrets som hadde påfugl. Kanskje ikkje så uventa at han la ned drifta og starta gartneri i staden. Elles var han både revisor, organist og klokkar. Av mine besteforeldre var han nok den som hadde lest mest, om enn hovudsakeleg religiøs litteratur. I alle fall støtta han meg då eg sa eg ville skrive. Han såg nok ikkje for seg at eg skulle skrive porno ; )

Han kunne temje villkattar og hadde alle norske frimerker i samling og mange andre frimerke. Han var eit menneske som gjorde så godt han kunne. Kanskje låg styrka hans på andre område enn det som er normalt, men ingen kan seie at han ikkje var allsidig. På tysdag vert han gravlagd. Eg kjenner meg viss på at han no er på ein stad der han har det betre.

Besten var heilt anleis og leikte gjerne med oss ungar. Han var alt anna enn skrøpeleg og gjorde alt det som bestefedre skal gjere. Han tok meg med ned i kjellaren for å snekre og viste meg eit meir tradisjonelt mannsideal enn eg finn elles i familien min, eller kanskje det skuldast at han var arbeider? Takka vere han assosierer eg røyklukt til noko positivt og trygt. Eg arva askebegre etter han. Kanskje pondusen og? Satsar på at eg ikkje har arva anlegg for å miste håret frå han, i så fall har eg vel munkesveis innan neste somar…

Besten sin humor var ikkje alltid av den snille sorten, men humor var det. Det var den som mest merkbart forsvann etter kvart som slaga kom tettare. Ting han før sa på skjemt vart då sagt i fullt alvor og såra ein del av dei rundt han. Han miste realitetssansen og kunne gløyme å ta seg ein røyk på ei veke eller meir. Eller gløyme at han nett hadde røykt og ta ein til like etter. Det står for meg som eit mål på kor uverdig det er å verte sjuk og gamal. Den Besten eg kjende var borte lenge før han vart lagd i jorda.

Eg likar å tru at eg har gode sider frå begge desse sidene av manndomen – Morfars og Bestens. Sjølv om dei ikkje pustar lenger, lever minna om dei. Og saman med andre frå fjern og nær utgjer dei mi samling av mannlege førebilete.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s