Innestengd i kroppens opne rom – Øystein S. Ziener

Posted: tirsdag 23 januar, 2007 by Tarald in Litteratur, Reprise, Sitater, Skriving
Tags: , , , , , ,

Hei, Øystein! Hei vent!
Du skriv om ting eg veit noko om. Eg les dikta dine og kjenner smerta di/mi – vår. Først tenkte eg at det var som f… at eg ikkje kom på dei først. Her sit eg og skriv livet mitt i dikt, før eg oppdagar at du allereie har skrive det før meg.

Elsk meg fram
frå mørkret
der eg ikkje
er

skriv du og heile eg skrik ja. Slik er det, slik var det. Enno har eg ikkje slutta å undre meg over at nokon annan nokon gong kjende til å vere «innestengd i kroppens opne rom», kjende det nok til å skrive det akkurat slik. Desto sterkare vert det når eg les

eg vågar
vere
til

eg tør seie
at eg heiter
at eg er

Ja, endeleg gjer eg det. Ganske nøyaktig åtte år etter at du takka for deg, finn eg deg i bokhylla på biblioteket. Ganske nøyaktig åtte år etter at du strauk deg frå folkeregisteret slår orda dine meg i magen. Eg, som berre var ute etter litt inspirasjon på boks, som eg kallar det. Frå den andre sida av liv/død slår du pusten ut av meg når eg gjenkjenner deg/meg i dine ord slik eg aldri før har gjort. Frå den andre sida av spegelen snakkar du til meg om glede.

nok
no

nok
for eit heilt liv

nok
tomme rom
stumme dagar

svevnløyse
og stumpa sigarettar
nok

døden
er eit kvitt slør
av silke

skriv du og eg trur, det var slik du kjende det. Før eg veit, skjønar eg at du har gått utan å vente på meg.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s